Børsemakarmiljøet på Kongsberg

Børsemaker Jan Lande

Utan børsemaker ingen presisjon. Ein skyttar er sjølsagt avhengig av eit våpen som har best mogleg presisjon og dei fleste skyttarar har bruka både tid og pengar på det «å få børsa til å gå» Kongsberg by med våpenfabrikk og folk som oberst Ole Herman Krag (1837–1916) og korpsbøssemaker Erik Jørgensen (1848–1896) sto for kvalitet og kunnskap. I byen har det vore ei mengd kyndige våpenfolk, altså børsemakarar. Geværet Krag Jørgensen har som kjent sitt opphav på Kongsberg og med den nære kontakten mellom Numedal og Kongsberg så vart kompetansen på dette geværet høg blant skyttararne også oppover dalen. På Kongsberg var det ei rekkje børsemakarar som hadde sitt virke i Våpenfabrikken og som vart bruka av skyttarar i heile Numedal skyttarsamlag. Eg kan minnast fleire som vart kalla børsemakarar som nok ikkje var utdanna, men som var tekniske talent og som gjorde litt av kvart. I Uvdal hadde vi Ola Fjøslid og Andres Jensen. I Rollag, Ola Skørre og Nils Johnsgard. Nils var god skyttar som no hadde ein del erfaringar med avtrekket på kragen som ikkje var heilt god. Han laga ei fjørbelasta løysing som gjorde avtrekket meir presist. Halvor Kongsjorden tok løysinga inn til Willy Røgeberg i Oslo for vurdering. Røgeberg meinte løysinga var god, men ville bli for dyr å produsere!.

I Flesberg som var nerast Kongsberg hade vi dei sokalla ”heimegjørtlarane” som tok på seg arbeid heime på oppdrag frå Våpenfabrikken. Dei kunne laga smådelar som fabrikken «outsorca» til lokale finsmedar ol. Dette ført til eit nokså høgt kompetansemiljø lokalt og knytte forbindelsar til miljøet på Kongsberg.

Desse to avsnitta er henta frå boka «Eventyret Rollag og Veggli skyttarlag».

Utan børsemaker ingen presisjon. 

Ein skyttar er sjølsagt avhengig av eit våpen som har best mogleg presisjon, og dei fleste skyttarar har bruka både  tid og pengar på det «å få børsa til å gå».

Kongsberg by med våpenfabrikk og folk som oberst Ole Herman Krag (1837–1916) og korpsbøssemaker Erik Jørgensen (1848–1896) sto for kvalitet og kunnskap. I byen har det vore ei mengd kyndige våpenfolk, altså bør semakarar. Geværet Krag Jørgensen har som kjent sitt opphav på Kongsberg, og med den nære kontakten mellom Numedal og Kongsberg, så vart kompetansen på dette geværet høg blant skyttarane også oppover dalen.

På Kongsberg var det ei rekkje børsemakarar som hadde sitt virke i Våpenfabrikken og som vart bruka av skyttarar i heile Numedal skyttarsamlag.

Eg kan minnast fleire som vart kalla børsemakarar som nok ikkje var utdanna, men som var tekniske talent og som gjorde litt av kvart. I Uvdal hadde vi Ola Fjøslid og Andres Jensen. I Rollag Ola Skørre og Nils Johnsgard. Nils var god skyttar som nok hadde ein del erfaringar med avtrekket på Kragen som ikkje var heilt godt. Han laga ei fjørbelasta løysing som gjorde avtrekket meir presist. Halvor Kongsjorden tok løysinga inn til Willy Røgeberg i Oslo for vurdering. Røgeberg meinte løysinga var god, men ville bli for dyr å produsere!

Johnsgard sin avtrekks patent Originalt Krag-avtrekk

Johnsgard sin patent til venstre og originalt Krag-avtrekk til høyre

I Flesberg som var nærast Kongsberg hadde vi dei sokalla «heimegjørtlarane» som tok på seg arbeid heime på oppdrag frå Våpenfabrikken. Dei kunne laga smådelar som fabrikken «outsourca» til lokale finsmedar. Dette førte til eit nokså høgt kompetansemiljæ lokalt og knytte koplingar til «bøsse,magerniljøet på Kongsberg

På Kongsberg var det sjølsagt fleire, Svindal, Aukrust og Sjulsen. Og ikkje minst Reidar Leer i Jondalen som konstruerte ei jaktrifle bygd på Krag Jørgensen låskasse. Leer hadde arbeid i Våpenfabrikken og fekk nok kunn skap der, i tillegg måtte han ha vore ein særdeles smart kar som såg løysingar ingen andre såg. Hans Erik Rua i Jondalen fortel om ein Buenkar som kjøpte seg ei veldig dyr dobbeltløpa jaktrifle. Ganske snart fekk han trøbbel  med avtrekket og klagde til leverandøren, Norma. Han vart bedt om å koma inn til Oslo med børsa, men kvidde  seg for å reise så langt. Leer gjorde oppmerksom på at det på Kongsberg var fleire børsemakarar som kunne sjå på det. Nei! Det fekk han ikkje gå til andre med. Så nemnde Buen Reidar Leer som ein av dei han kjende. Da så representanten hjå Norma hørde det namnet Leer var det i orden. Så Reidar Leer hadde tydelgvis opparbeidd seg eit namn innan faget sitt.

Men Kongsberg hadde fleire naturlegvis. Sidan Våpenfabrikken låg i byen. Folk som vart titulerte bøssemager finn vi fleire av i folketellingane for Kongsberg by.

Interessant er det å nemne at i 1910 var Harald Røgeberg bøssemager på Kongsberg, han budde på Kapermoen. Han var født i 1880 på Eiker av foreldra Mads og Ingeborg Marie Røgeberg. Bror til Mads heitte Nils Røgeberg f 1878. Nils var bøssemagermester i Kristiania i 1910 og far til verdensmeisteren og skyttarkongen Willy Røgeberg (Oslo Østre)

Kongsberg fekk også sin Geværfabrikk etter krigen. Der bygde dei om tyske mausarar og fram for alt fabrikerte  dei piper både til Krag og Mauser. Kongsbergpipene sto seg godt i konkurranse med dei kjente pipene frå Schultz & Larsen i Danmark.

-Nå går a! 

Den børsemakaren på Kongsberg vi kjenner best i dag er Jan Lande f 1942. Han tok børsemakarutdanning i Forsvaret, men dreiv faget på fritida og. Han bygde seg verkstad heime på Hostvedt og mange av oss har timar hjå han og kona Sonja. Særleg frå den tida Kragen var i bruk

«De ække my børsemakerarbe nå etter Sauern kom»,

seier Jan sjøl.

Jan tok altså børsemakarutdanning i Oslo. I heile fire år var han i lære, frå 1959 til 1963. Han fortel det var 18 i kullet hans. Det var 6 instrumentmakarar, 6 våpensmedar og 6 børsemakarar. Han tok både fagprøve og svenne-prøve i faget. Han nemner den militære fagprøva som vanskeleg. Til den sivile svenneprøva skulle dei laga sidelås til hagle! Som om ikkje det var vanskeleg nok!

Etter det var det tre år med pliktteneste i militæret. Da var han utstasjonert på ulike plassar i Nord-Noreg. Men i 1966 kom han tilbake til Kongsberg og blei børsemaker på Arsenalet. Her blei han personalsjef og av slutta karriera som sjef på det same Arsenalet og gikk av med majors grad i år 2000. Da hadde han for lengst bygd opp verksted heime på garden i Hostvedt. Men fortsatt er det ein del av oss som hugsar vi leverte børser i porten der på Arsenalet, som Jan tok med heim og reparerte. Da vi henta børsa igjen leverte han ho med ei forsikring: «Nå går a!» I Kragtida var det mykje som måtte gjerast.

«Det var fryktelig mye dårlige krager»

Han legg ut om støtbunner og tilpasningar. Så deler han med oss nokre tankar om kor lengje Saueren varar.

«Det er tegn på at også Sauern byner å få det»

seier fagmannen.

Han og ein del andre børsemakarar gjekk saman om å danne «Norsk børsemakerring». Han nemner Grøtan, Steen, Løvseth, Taraldsen og Gudmundsen. Dei hadde stand på Landsskyttarstevnet kvart år frå 1987, og med sine  skinnforklær sto dei for eit solid børsekmakerteam som hjelpte mange med akutte problem.

Og for oss i Numedal skyttarsamlag var det kjekt med egen børsemakar i «nabolaget», og til børsemakar Lande kunne ein koma både seint og tidleg.

Jan var aktiv skyttar sjøl og han var Vikenmester i feltskyting ved sida at han var med på Kongsberg sitt  berømte 10-mannslag i Østlandscupens tidlege år.

Han har også vore aktiv på lagsplan både i Kongsberg skytterlag og i Numedal skyttersamleg. Han sto i fleire år for uttak til lagsskytingar, til sekskanten, og samlagslag til Viken og LS.

I dag er det mest jaktvåpen det går i.

Vi skyttarar har mykje å takke Jan for. Utan presisjon, ingen medaljer!

Niels Gregersen

Så tek vi med denne historia om «bøssemager» Niels Gregersen frå Uvdal

Kammerlader: Her er signaturen til uvdølingen Nils Gregersen. Foto: Utlånt av Øystein Flatnes som har skrivi bok om kammeladergeværets historie.Kammerlader: Her er signaturen til uvdølingen Nils Gregersen. Foto: Utlånt av Øystein Flatnes som har skrivi bok om kammeladergeværets historie.

Bøssemager Niels Gregersen frå Uvdal

Husmannsguten frå Uvdal, Niels Gregersen

Bøssemager Niels Gregersen vart oppdaga ved at våpensamlaren Geir Johansen Rollag/Kongsberg hadde fått ei ny bok om kammerladningsgeværet si historie i hende. Der står det om ein børsemakar i Kristiania som var født i 1804 i Rollag prestegjeld. Namnet var Niels Gregersen. – Kven var det? Kjørkjeboka ga straks svar og her er historia om bygdegeniet Niels Gregersen, mannen frå Uvdal som skapte kammerladaren.

Niels kom til verda i Skiftingsrud under Bakke i Uvdal av foreldra Greger Gunderson Holden f 1756 og Guro Nilsdotter f 1759 i Koggestad.

Niels var den yngste av 6 syskin. Systera Sigrid f 1796 vart gift med Anfinn Gunnulson Hvammeneiet i Dagali. Meir om dei seinare.

Familien til Niels flutte noko omkring, slik plassefamiliar ofte gjorde. Dermed er det vanskeleg å finne mykje om dei.

I 1828 finn vi han att i kykjeboka da han melder utflytting til Christiania. Det står at han er 22 år gamal. Og det er opplyst i denne kammerladerboka at han byrja i børsemakarlære hjå mester K.J. Gjerstad ved dei tider. Men kva som dreiv han er sjølsagt ukjent. Husmannsguten måtte hatt noko i seg som dreiv han til å ta dette store skrittet. Han hadde sikkert kjennskap til våpen, og gjerne hadde han prøva seg på jakt. Men det er litt rart at han ikkje starta opp på Kongsberg i Våpenfabrikken, der mange fekk opplæring i faget. Han reiste altså rett til Christiania.

Niels var i læra til 1834 da vart han bøssemagersvend ved Fyr-og haandverker Compagniet. Da er han skrivi for Niels G. Richansrud. Men nett den tida bur foreldra hans Greger Gundersen og Guro Nilsdotter i plassen Rykansrud like ved Rødberg.

I 1837 har Agers Sogneselskab ei kunst- og håndtverksutstilling. Nils har levert inn ulike saker han har laga og han får diplom for ei urmakerdreiemaskin, ein skjæremaskin og ein «klopsmidt?» Her viser Niels seg fram med tyngde og blir belønna for det. Men alt i 1833, altså i læretida har han laga teikningar til ein kammerladnings beltepistol. Og i 1837 lagar han den fyrste kammerladningsmodellen, truleg med basis i teikningane frå 1833.  Den er å finne i Forsvarsmuseet sine samlingar

No får han også kontakt med artellerikaptein Frederik Wilhelm Scheel og saman utviklar dei det fyrste kammerladningsgeværet som får stor oppmerksomhet både her heime og i utlandet. Tenk for ein revolusjon, no kunne dei lade geværet bakfrå i staden for å lade frå munningen.

Niels søker om patent på kammerladeren, men får avslag fordi ein meiner artellerikaptein Scheel var den egentlege oppfinnaren. Så er her vart det ei strid, men folk flest var vel klare på at Niels var mannen bak dette nye geværet.

Som ein skjønar gjorde Niels det bra, han slo eg opp, kjøpte bygårdar i Nedre Hammersborggate og var riktig ein Kristianiaborger. Han gifta seg med Ingeborg Johanne og saman fekk dei fleire barn. Mellom dei Nils Jørgen Gregersen f 1840. Han vart militær og var stasjonert på Sunnmøre, men var ein svært allsidig kar. Han planla vegutbyggingar, og vegen opp frå Geiranger er bygd etter hans planar. Han vart også innvald på Stortinget for venstre og var elles ein kjend forfattar av jaktlitteratur. For alt sitt arbeid vart han utnemnd til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1895.

Men så tilbake til Sigrid, syster til Niels børsemakar. Ho var født i 1796 og gifta seg altså med Anfinn Gunnulson. Dei fekk dottera Guro som i sin tur fekk fleire ungar med ulike karar. Med Johannes Jenssen frå Sverige fekk ho Jens i 1860. Jens giftar seg med Ragnhild Rasmusdotter og dei får bla sonen Andreas i 1888. Og som dei lokalkjende forstår, det er Andreas Jensen, den berømte tusenkunstaren og merk. han var også ein dyktig børsemakar som mange av oss har kjennskap til. Ei historie om Andreas sine ferdigheter gjekk etter heile dalen. Han laga alt sjøl så fint og solid at «ekspertar» som vurderte arbeida hans trudde ikkje det kunne vera handgjort! Her låg noko i slekta!

(kjelde: Boka, Blant pistolsmeder og bøssemakere. Av John Sv Dahl 1995)